Elias Blix - Kort biografi

Av Anders Aschim

Ei livsreise
Elias Blix var fødd 24. februar 1836 på garden Volden i grenda Våg på Sandhornøya i Gildeskål. Far hans døydde da Elias var tre år gammal. Mora dreiv garden vidare, etter kvart med ny ektemann.

Broren Ole blei fiskar og bonde som forfedrane. Han skaffa seg gard på Ravik, lengre aust på Sandhornøya. Men Elias fekk berre eit par sesongar på Lofoten. Han viste tidleg gode evner og ”en stor Lyst til Bogen”. I 1853, to år etter konfirmasjonen, fekk presten sendt han til lærarseminaret i Tromsø.

Men Blix kom ikkje attende til heimbygda som ferdigutdanna lærar. Han arbeidde på ulike skoler i Tromsø. Samtidig las han vidare for å førebu seg til studenteksamen, examen artium. Etter seks år i byen reiste han til Kristiania. Han ville ta artium og studere teologi. Det var strevsamt. Han måtte arbeide som lærar mest heile tida for å finansiere studiet. Likevel fekk han ein svært god embetseksamen i 1866.

Men Blix blei ikkje prest. Tretti år gammal tok han fatt på eit vidaregåande studium av hebraisk og andre semittiske språk. Ein vitskapleg karriere var målet. I 1871 gifta han seg med den tretten år yngre Emma Hansen, dotter til ein snikkarmeister frå Kristiania. Elias Blix hadde fått reisestipend og drog til Leipzig i Tyskland for å studere Bibelen og semittiske språk. I 1873 blei han universitetsstipendiat. Tre år seinare tok han doktorgraden på eit emne innan samanliknande språkvitskap, og i 1879 blei han utnemnd til professor i hebraisk.

I politikken var Blix aktiv venstremann. Da Johan Sverdrup sommaren 1884 skipa den første parlamentariske regjeringa i Noreg, blei Blix kyrkje- og undervisningsminister. Men det var sterke interne spenningar i regjeringa, og i februar 1888 gjekk fire av statsrådane av. Blix gjekk attende til professorstillinga.

Emma og Elias Blix fekk ni barn. Sju av dei levde opp. Mest kjend er karikaturteiknaren Ragnvald Blix. Elias Blix døydde i Kristiania 17. januar 1902. Livsreisa hans hadde ført han frå fiskarbondesamfunnet i utkant-Noreg og til høgborgarskapet i hovudstaden. Blix kunne like gjerne ha blitt fiskar og småbrukar på heimstaden, eller lærar i Nord-Noreg, eller prest på Vestlandet, eller han kunne reist til Amerika. Han levde i ei tid der det norske samfunnet endra seg raskt og gav større valfridom enn før.

dekor.png

Den vesle salmeboka
Elias Blix sette ikkje djupe spor etter seg som vitskapsmann. Dei språkvitskaplege arbeida hans blei fort utdaterte. Men i mange år hadde han ein viktig posisjon som leiar av Videnskabs-Selskabet i Kristiania, i dag Det Norske Videnskaps-akademi.



Det er heller ikkje for den politiske innsatsen sin han blir hugsa. Han spelte rett nok ei viktig rolle i det politiske gjennombrotet for det nynorske språket. I 1885-sesjonen tok Stortinget fleire viktige avgjerder, mellom anna det såkalla ”jamstellingsvedtaket”. Det ligg framleis til grunn for norsk språkpolitikk med to dei to likestilte målformene nynorsk og bokmål.

Heilt frå Tromsø-tida var Blix ein ivrig tilhengar av Ivar Aasen sitt program for utvikling av eit eige norsk nasjonalspråk eller landsmål, seinare kalla nynorsk. Framleis rådde det danske skriftspråket i offentleg forvaltning, kulturliv, skole og kyrkje.

Blix var med på å skipe Det Norske Samlaget i 1868, og han sat i det første styret. I 1869 gav Samlaget ut ei tynn lita bok, 32 sider på dårleg papir. Nokre Salmar. Gamle og nye, stod det på framsida. Året etter kom det eit hefte til, følgt av eit tredje hefte i 1875. I 1883 og 1887 kom Nokre Salmar ut i ei revidert og auka eittbandsutgåve. Forfattaren var anonym. Først i 1891 sette Elias Blix namnet sitt på tittelbladet. Da hadde boka vakse til ei fullstendig kyrkjesalmebok med 150 nyskrivne eller gjendikta salmar til heile kyrkjeåret. I 1900 kom det femti salmar til i samlinga Salmar og Songar.

Salmane til Blix blei fort populære. Mange av dei er framleis mykje brukte: Syng i stille morgonstunder. No livnar det i lundar. Himmelske Fader. Med Jesus vil eg fara. Jesus, du er den himmelveg. No koma Guds englar. Kling no klokka. Ljos over grav. Gud signe vårt dyre fedreland. Elias Blix er den salmediktaren som har flest salmar i Norsk salmebok frå 1984.

Også på andre måtar var Elias Blix ein pioner for nynorsk kyrkjespråk. Saman med Ivar Aasen, Johannes Belsheim og Matias Skard omsette han Det nye testamentet til landsmål i løpet av 1880-talet. I 1891 gav han ut ei nynorsk omsetjing av Dr. Martin Luthers litle katekisma, den viktigaste boka i trusopplæringa i Den norske kyrkja. Arbeidet hans med salmedikting og bibelomsetjing var òg i høg grad pedagogisk motivert.


dekor.png

Frå Nordland
Alt i 1862 var Blix med på å skipe den første innflyttarforeininga i hovudstaden. I dag heiter den ”Nordlændingernes forening”. I 1896 skreiv han songen ”Barndomsminne”, med undertittelen ”Frå Nordland” og førstelinja ”Å eg veit meg eit land”, nordlendingane sin eigen nasjonalsang.

Gildeskål vitja han for siste gong rett etter embetseksamen i 1866. Det heiter at han spurte om å få preike i heimekyrkja, men at presten nekta. Soga er omdiskutert, men soknepresten sin replikk om at det ikkje passa seg med allmugebarn på preikestolen, er sannsynlegvis historisk.


Det tok lang tid før salmane til Blix blei tekne i bruk i heimekyrkja hans. Ved ei avrøysting i 1908 var det klart fleirtal mot å ta dei i bruk i kyrkjene i Gildeskål. Men ved hundreårsjubileet i 1936 var Blix endeleg blitt profet på heimstaden sin òg, og sambygdingane slutta mannjamt opp.

ANDERS ASCHIM

dekor.png

Litteratur
Anders Aschim, Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Oslo: Samlaget, 2008

Eivind Berggrav, Elias Blix. Kristentypen og personligheten. Oslo: Aschehoug, 1936

Reidar Bolling, Elias Blix. Oslo: Samlaget, 1953

Reidar Djupedal (utg.), Elias Blix. Der eit fjell stig mot sky. Oslo: Noregs Boklag, 1968

Egil Elseth, Elias Blix. Verk og virke, Oslo: Verbum, 1989

Per Halse, Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908.
Doktoravhandling, Universitetet i Oslo, 2009

Kurt-Johnny Olsen, Elias Blix – mannen og verket. Sandhornøy: Jan A. Eilertsen, 1986

Finn Tømmerberg, Elias Blix – Norwegian Hymn Writer and Poet of Nordland. Halsa: eige forlag, 1999

Terje Aarset, Den nynorske songskatten. Bergen: Fagbokforlaget, 2009