Med Elias Blix gjennom kyrkjeåret

Sokneprestane og Blix-kjennarane Svein Malmbekk og Kyrre Kolvik har valde ut ein Elias Blix-salme for kvar søndag i kyrkjeåret.

Til Elias Blix sitt 175årsjubileum har Malmbekk og Kolvik har laga eit gjennomarbeid forslag til ein Blix-salme for kvar søndag i kyrkjeåret. Resultatet er salmeheftet ”Med Elias Blix gjennom kyrkjeåret”.

Biskop Tor B. Jørgensen er særs nøgd med Malbekk og Kolvik sin innsats.

- Eit slikt årsprosjekt er i tråd med Blix sitt eige program. Han ville fylle søndagane med gode salmar skrive på landsmålet, seier biskopen.

- Elias Blix har gjeve Den norske kyrkja eit vell av salmeperlar. Han fortener å syngjast kvar søndag gjennom dette året. Med dette anbefaler eg "Med Elias Blix gjennom kyrkjeåret" på det varmaste til aktiv og oppbyggeleg bruk i kyrkjelydane.

”Med Elias Blix gjennom kyrkjeråret” er sendt ut til alle menighetene i Sør-Hålogaland bispedømme.

Du kan laste ned ei pdf-utgåve av heftet her